Sprudlestova
Ein stad for gode smakar og fine stunder
Velkommen inn i Sprudlestova på Haugadn Gard. Her kan du smake på det vi lagar på garden, finne lokale produkt i gardsbutikken eller slå deg ned og nyte noko godt i hyggelege omgjevnader.
Frå gamalt stabbur til ny møteplass
Sprudlestova er bygd på tuftene etter det gamle stabburet på Haugadn. Her har Ingrid og Espen skapt ein lun møteplass der dei kan invitere folk inn på garden og dele både smakar, produkt og gode opplevingar.
I Sprudlestova finn du produkt frå Haugadn, saman med eit utval varer frå andre produsentar i nærområdet. Utvalet vil variere gjennom året og etter kva sesongen har å by på.
Dette finn du i Sprudlestova
Smaksopplevingar
Smak på drikke og andre produkt frå Haugadn, tett på staden der råvarene blir dyrka.
Gardskafé
Slå deg ned med noko godt å ete eller drikke og nyt ei roleg stund på garden.
Gardsbutikk
Ta med deg noko heim frå Haugadn eller oppdag gode produkt frå andre lokale produsentar.