Frå garden
Det som veks og blir laga på Haugadn, har historia si her på garden. Frå eple og vindruer til egg og andre produkt, med gode råvarer, omtanke og kvalitet i alle ledd.
Produkt frå garden
Vi dyrkar frukt, grønsaker og vindruer, og mykje av det som veks på garden blir foredla vidare til eigne produkt. Vi har også høns som gir ferske egg frå garden, og flotte saueskinn. Kva som er tilgjengeleg, varierer med årstidene og det garden har å by på.
Felles for alt er ønsket om gode råvarer, høg kvalitet og å ta vare på ressursane vi har rundt oss.