Om oss

Ingrid og Espen har drive Haugadn Gard på Ølnes i over 20 år. Litt etter litt har dei utvikla garden vidare med frukt, vindruer, grønsaker og dyr, og no også med eigne produkt og opplevingar på garden.

Dei er opptekne av å drive med respekt for naturen og ta godt vare på både jorda og dyra. Det handlar om å bruke ressursane dei har rundt seg, gi ting den tida dei treng og vere nøye med dei små detaljane. Målet er å skape gode produkt og opplevingar med kvalitet i alle ledd.

Smilende kvinne og mann med solbriller tar en selfie utendørs i solskinnet.
Kvinne planter på en gård ved en fjord med fjell, mens en ATV står i bakgrunnen.

Det startar i jorda

Jorda på Ølnes er næringsrik, og dei lange, lyse sommardagane gir gode vekstvilkår for det som blir dyrka på Haugadn. Her veks frukt, grønsaker og vindruer, med fjorden og fjella som næraste naboar.

I dag har garden mellom anna frukttre og vinstokkar av sortar som trivs på nordlige breddegradar. Råvarene frå garden blir foredla, eller solgt som dei er, til eit mangfald av eigne produkt, frå elpejus til drikke produsert av druene som veks på Haugadn.

Hvit høne på gress foran en kurv med brune og hvite egg.

Livet på garden

Haugadn er meir enn frukt og vindruer. På garden er det også sauer, høns og hestar, og dyra er ein viktig del av kvardagen til Ingrid og Espen.

Dei ønskjer å drive garden på ein måte som tek vare på både dyr og natur. God dyrevelferd, omtanke og respekt for ressursane rundt dei ligg til grunn for vala dei tek, både i det små og det store.

Nærbilde av en liten svart- og hvitflekket geitekilling med øremerker, holdt av en person i blå genser utendørs.

Frå stabbur til Sprudlestova

På tuftene etter det gamle stabburet har Ingrid og Espen bygd Sprudlestova, ein ny møteplass på Haugadn. Her ønskjer dei å invitere folk inn på garden og skape ein stad for gode smakar, lokale produkt og hyggelege stunder.

I Sprudlestova finn du eigenproduserte varer frå garden. Her blir det smaksopplevingar, gardskafé og gardsbutikk, tett på garden og det som blir produsert her.

Les meir om Sprudlestova

Blomsterbukett, te og bakverk på et bord foran en hage med fjellutsikt